|
Velkomen til.... |
|
|Adresse 5780 Kinsarvik | Tlf. 53 66 35 19 | Mobil. 93 06 98 03|Org.nr 969 228 MVA |E-post: kariope@kinsarvik.net |
|
SAL PÅ POSTORDRE : Om våren startar eg vanlegvis
å senda ut planter i april-mai. Nokon stader i landet kan eg senda dei før 15
april, andre stader seinare.Men plantene eg sender om våren er stauder som
har stått ute heile vinteren og er herda.Eg set vekk tingingane i den
rekkefylgja dei er komne inn.Det kan vera tomt for nokon sortar i ein
periode,og i alle tilfelle er det lurt å tinga i god tid.Skriv gjerne opp eit
alternativ om du ynskjer erstatning for utselde planter.Plantene vert sendt
måndagar el. tysdagar for å nå fram til mottakaren før ei helg,slik at dei
unngår å verta ståande att på postkontoret.Dei vert godt pakka, og sendt som
Norgespakke utan oppkrav.Eg tek eit pakke-og fakturagebyr på kr 55,-
Frakta på Norgespakke er kr.160,- opp til 10 kg,og kr.239,- frå 10-25 kg. (Eg
tek atterhald om prisendring dersom Posten legg på sine prisar).Det går 18-20
planter i ein pakke før den vert 10 kg,og det svarar seg sjølvsagt å tinga
meir enn nokre få planter.Kvifor ikkje tinga saman med ein nabo eller ein
ven,og frakta kan delast ! Bruk gjerne baksida av tingingslista òg.Eg vil be
om at rekningen som ligg ved plantene vert betalt så snart som mogeleg etter
at dei er mottekne.Dersom det er noko du er misnøygd med,-ta kontakt ! Berre
på den måten kan eg få retta opp i det. RABATT : Ved kjøp over kr.
1200.- gjev eg 5 % rabatt. Tinga pr.
brev, telefon eller e-post: Plantetunet
Tlf: 53 66
35 19 e-mail:kariope@kinsarvik.net Klikk her for
tingings kupong som du kan skrive ut
|