|
Velkomen til.... |
|
|Adresse 5780 Kinsarvik | Tlf. 53 66 35 19 | Mobil. 93 06 98
03|Org.nr 969 228 MVA |E-post: kariope@kinsarvik.net| |
|
APOTEKERKATTOST (Kattostfamilien) Malva sylvestris (biletet: malva sylvestris ssp.mauritiana)
2-årig,men frør seg sjølv. Ei nydeleg
pryd-og nytteplante som ber namnet sitt med rette! DETTE STÅR DET OM APOTEKERKATTOST I BOKA MI ’URTESTAUDER TIL BÅDE
PRYD OG NYTTE’ : HØGD: 40-90 cm FARGE OG
BLØMINGSTID: Lilla blomar i juni-sept.Det finst
òg andre sortar med litt mørkare lilla blomar (malva
sylv.ssp mauritiana) og
med meir rosa blomar (malva sylv.’Zebrina’). VEKSEPLASS:Trivst i sol eller halvskugge.Den er lett å dyrka,og
veks på ulike jordartar,men likar best når jorda er
veldrenert og ikkje altfor tung. INNHAUSTING: Haust unge blad etter behov
og bruk dei friske.Blad som skal tørkast kan
haustast når planta har begynt å bløma,for då er
slimstoffinnhaldet høgast.Dersom ein skjær ned
planta etter bløming,vil den gjerne koma til å
bløma ein gong til.Blomane kan plukkast friske til
bruk i mat,og dei kan tørkast til teblandingar,potpourri eller medisinsk bruk. FORMEIRING:
Så vår
eller føresommar,eller ta basis-stiklingar
seint på våren eller om sommaren.Ein kan òg ta urteaktige stiklingar av unge skòt.Apotekerkattost
oppfører seg ofte som 1-årig,men den kan lett så seg sjølv.Ein
kan òg hausta frø av den (så inne el.direkte ute
haust el.vår). HISTORIKK
OG BRUK: Apotekerkattost høyrer naturleg heime i Europa,Vest-Asia og Nord-Amerika.Den
vart omtala i kinesiske skrifter for 5000 år sidan,og
den har vore svært mykje brukt som lækjemiddel og matplante
sidan år 700 f.Kr.Moses skal ha brukt malva mot feber då han vandra i ørkenen.Plinius
gav den det latinske namnet malacho,-truleg frå malachi,som er det greske ordet
for å mjukgjera,-og
som viser til dei mjukgjerande og lækjande eigenskapane til planta p.g.a.slimstoff-innhaldet.Grekarane brukte unge skòt av apotekerkattost som grønsak,og
i klosterhagane våre var den kjent som ei allsidig grønsak-,lækje-og
prydplante.Blad og blom vart brukt på insektstikk,sår
og betennelsar,og som mjukgjerande ingrediens i kosmetikk.I folkemedisinen brukte ein knuste blad,rot og blom til grautomslag på svulstar,øyreverk
m.m. MAT: Unge toppar kan brukast i salat,supar el.dampast som grønsak.Blomen vert brukt i urtete-blandingar
og som pynt på maten,i salatar,på
kaker m.m. (prøv for eksempel lilla apotekerkattost
på gul gelè i eit barneselskap!) Til pynt på maten
held blomane seg lenge når maten står kjøleg,-heilt
til for eksempel kaka er eten opp. MEDISIN: Apotekerkattost
inneheld eteriske oljer,garvestoff,slimstoff,glykosid
m.m.Den er sårhelande,betennelseshemmande
og slimløysande,og skal hjelpa mot bronkitt, halsinfeksjonar,hoste,hesheit,astma,katar m.m.Den skal helbreda alle slimhinner,og til luftvegane er den fin å bruka saman med
fenikkel og anis.Til te
er det best å laga eit kaldt-vatnsuttrekk av apotekerkattosten.Ein tek då ei toppa ts til 2,5 dl vatn,let det trekkja natta over,og
varmar det så opp.Utvortes kan ein bruka planta som
kompress el.avkok i badevatnet til utslett,byllar og sår.Den er òg
fin å bruka ved tørre auger/tårekanalar,og på sår
kan ein òg bruka den saman med groblad som kompress eller omslag.Ein
kan òg gni frisk plantesaft av blada direkte på insektstikk,noko
som er enkelt og effektivt. KOSMETIKK: Den kan òg brukast som
mjukgjerande middel i ansiktsvatn,kremar m.m. VERDI I
HAGEN: Ei
nydeleg plante som passar godt saman med akeleier,marikåpe
m.fl.,og som er anvendeleg til mangt! Boka ’Urter og stauder til både pryd og
nytte’ kan kjøpast hjå Plantetunet,og kostar
kr.220,- (ca.100 sider): I første
delen av boka er dei vanlegaste urtene til mat omtala,og
i den andre delen dei andre meir el.mindre kjente urtestaudene til ulike nyttige føremål(+nokon 2-årige
urter).Dei fleste plantene er vist med teikningar,slik
at dei lett kan kjennast att ute i hagen.I boka er òg ein liten del med generelle
opplysningar om dyrking,formeiring,gjødsling,hausting,tørking
m.m.,og ulike måtar å laga til urtene på (avkok,tinktur,uttrekk i olje m.m.).Eg har fått gode
tilbakemeldingar på at boka er oversiktleg og lett å slå opp i for å finna
informasjon om kvar enkelt plante.Boka har òg vore
brukt som kursmateriale. PLANTETUNET SEL ÒG STAUDER SOM ER ’BERRE’ TIL PRYD,OG HER ER NOKON
BILETE:
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||