Velkomen til....

 

 

 

|Adresse 5780 Kinsarvik | Tlf. 53 66 35 19 | Mobil. 93 06 98 03|Org.nr 969 228 MVA |E-post: kariope@kinsarvik.net|

 


 

OPPLYSNINGAR OM OG BAKGRUNNEN FOR  PLANTETUNET

Plantetunet er eit urte-og staudegartneri som dei siste 7 åra har helde til i Kinsarvik,som ligg i Ullensvang herad i Hardanger.I Ullensvang er fruktdyrking hovudnæringa,og heradet er m.a.kjent for den vakre fruktbløminga i mai (visitullensvang.no/ ).Gartneriet starta opp i 1993 på eit lite småbruk mellom Kinsarvik og Lofthus.Som nyutdanna gartnar i 1982 budde eg på eit småbruk på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang.Første sesongen der fekk eg eit kraftig anfall av pollenallergi.Eit skikkeleg dilemma når eg visste at det var gartnar eg skulle vera! Etter å ha prøvt skulemedisin utan verknad,gjekk eg over til alternativ behandling og kosthaldsendring,og vart fri pollenallergien.Under behandlinga møtte eg urtene for første gong,og det var slik eg for alvor vart interessert i økologisk dyrking av mat og urter.

UTSALSPLASS MED DEMONSTRASJONSHAGE. HØVE TIL SJØLVBETJENING UTANOM OPNINGSTIDA

Gartneriet har eigen demonstrasjonshage ved sida av utsalsplassen.Hagen er open for alle heile sesongen.På utsalsplassen er der informasjonsskilt ved kvar plantesort.Sidan eg reiser eindel på torgsal ulike stader og har hatt jobb i turnus,har eg lagt til rette for at kundane kan handla ved sjølvbetjening.Etter ein prøveperiode på 1 ½ år med 50% jobb i tillegg,så har eg valt å satsa berre på plantene og Plantetunet.Det vert likevel berre 2 dagar i veka med fast opningstid,-dei andre dagane kan eg ikkje låsa fast p.g.a.torgsalet.

OPNINGSTID: Måndag kl.10.00-19.00  og Tysdag kl.10.00-19.00     Andre dagar el.utanom opn.tida: Høve til sjølvbetjening (evt.prøv å ringja og avtal tid andre dagar òg,-det er ikkje alle dei andre dagane eg er på torgsal).

Plantetunet har postordresal,og sender planter over heile landet.Eg har ikkje oppkravsgebyr,men sender rekning saman med plantene.Dette har fungert fint.Sjå bestilling for meir informasjon om postordresalet.

OM DRIFTA

Alle plantene er produsert i Plantetunet, -anten av frø,stiklingar eller deling.Dei fleste står i 9 x 9 cm potter,nokon i runde potter,og nokon få sortar i 11 x 11 cm el.større.Plantene overvintrar ute i potter.Stort sett klarar dei vinteren godt,men det hender at nokon sortar går ut p.g.a. tøffe vèrforhold.Produksjonen er utan kunstgjødsel og kjemiske plantevernmiddel,og eg reknar den som økologisk.Eg kjøper inn naturtorv,naturgjødsel,sand og kalk,og blandar eiga jord i ein sementblandar.Drifta er den same som då eg hadde Debio-godkjenning.Eg valde etter nokon år å driva utan godkjenning,fordi eg vil bruka tida på plantene i ein travel sesong,-ikkje på ytre råmer.Plantene gjev masse positiv energi, -gjev næring til sjela!
                                                        
                        -Kari