|
Velkomen til.... |
|
|Adresse 5780 Kinsarvik | Tlf. 53 66 35 19 | Mobil. 93 06 98 03|Org.nr 969 228 MVA |E-post: kariope@kinsarvik.net| |
|
Klikk her for å få fram plantelisa for 2012 (v/utskrift,-bruk liggjande format og 60% av full skjerm for å få skriva ut
heile sider) TEIKNFORKLARING OG
MERKNADER: * Ei stjerne
ved det botaniske namnet tyder at den sorten har eg ikkje så mykje av.Eg kan vera tom i ein periode,og
kan evt.laga på bestilling. HØGD på plantene som står på lista stemmer ikkje alltid.Det
vil variera etter jordtype,gjødsling,ljosforhold
m.m. Prisane er inkludert m.v.a.Eg tek atterhald om prisendringar på enkelte sortar
(nokon skiftar f.eks.pottestorleik i løpet av
sesongen). * Ei stjerne v/ prisgr.tyder at pottestorleiken er 11x11 cm eller
større. MERKNAD / BRUK : Her står litt om kva plantene kan brukast til m.m.Sjølv om det står at planta har vore brukt til medisin,så vil eg oppmoda om at ein ikkje prøver seg fram
med dette på eiga hand utan å ha sett seg inn i bruken av plantene og verknaden.Nokon planter er giftige,og
andre kan vera giftige i større dosar. Eg har prøvd å samla alle staudene som har vore eller vert brukt til noko nyttig på
lista under 'nyttestauder/urter' (planter brukt til
mat,te,medisin,lukt,farging m.m.).Du vil gjerne
oppdaga at mange av dei plantene som me har rekna som reine prydplanter har havna på nytteplante-lista.Svært mange av staudene kan brukast til både
pryd og nytte.Så sjølv om du skulle vera meir
interessert i stauder til pryd, -ta ein kikk på nytteplante-lista
òg,-kanskje finn du noko av interesse der! Eg skiftar litt på sortane frå
år til år,sjølv om dei fleste nytteplantene er ’gjengangarar’.Seinare på sommaren har eg gjerne noko som
ikkje står på vårlista.Er det sortar du saknar,så ta kontakt,-kanskje
eg har el.kan produsera for seinare levering. BOK OM
NYTTEPLANTENE Boka kan tingast hjå Plantetunet,og kostar
kr.220,- Det som er så fint med mange
av urtestaudene er at dei er så allsidige, -dei kan brukast til både mat og medisin m.m.i tillegg til at dei har fine blomar.Og dei er historiske, -har
gjerne vore brukt i tusenvis av år ! |