Velkomen til....

 

 

 

|Adresse: Neslia 74, 5470 Rosendal |  Mobil. 93 06 98 03  |  Org.nr 969 228 MVA  |  E-post: kariope@kinsarvik.net

 

 

PLANLEGGJING I HAGEN

Stauder i potter kan plantast heile vekstsesongen, - frå mai-september dei fleste stader i landet. I mai og august er det oftast godt med fuktigheit i jorda, og etablerar seg lett.Plantearbeidet skjer mest om våren og føresommaren,for det er gjerne då det "kriblar" i fingrane etter å ordna i hagen.Dei fleste kjøper stauder som presenterar seg best i pottene då, -nemleg dei som blømer i mai-juni.Men det er lurt å tenkja på haustbløming òg.Det finst mange fine seintblømande stauder,og mykje av nyttestaudene er slike.Ta gjerne turen innom ein urtehage mellom juli og september.Mange vert overraska over kor fin f.eks. purpursolhatten er,som ikkje såg særleg spennande ut i potta i mai,- berre nokon cm med grøne blad.Men denne planta har ikkje blømingstida si før i juli og utover,så det ville vore unaturleg at den røtene var komen så langt i mai mnd.Om så er tilfelle,kan ein gjerne gå utifrå at den har vore driven inne og er dermed ikkje så herda til utplanting.Sikori,som du kanskje trudde var løvetann då den stod i potta i mai, (ja,-blada liknar litt !) -den har nydelege blå blomar og står lenge utover hausten.Sikori kan brukast i salat,som kaffierstatning m.m.Den knallraude etasjeblomen er òg eit syn i juli-sept.,og luktar så godt! Ei allsidig plante som er god til te,fin som pynt på maten,haldbar snittblom m.m.

Ein har mykje att for å planleggja hagen slik at ein får eit balansert forhold mellom plantene,både i blømingstid,høgd, farge og blomefasong.Fargen på bladverket er òg med på å gje variasjon i bedet.Det første ein bør gjera er å ta utgangspunkt i eigen hage og sjå kva mogelegheiter ein har.Om der er sol/skugge,lunt/mykje vind,korleis jorda er osv.Skrinn jord kan betrast mykje ved å blanda inn kompost el.liknande,og ein kan blanda inn sand i ei jord som er for tung.Mogelegheitene er mange, -det er berre å prøva seg fram! Det finst gode urte-og hagebøker,og kvifor ikkje setja seg ned med ein kopp (urte)te og ei bok og starta planleggjinga ?

 

        IMG_3576.JPGIMG_3666.JPG

    Etasjeblom,geitvikke,gul mørk-kongslys,anisisop og raud lupin                           purpursolhatt og etasjeblom     

 

 

 

IMG_3497.JPGIMG_3579.JPG

prydgras,blå solbærsalvie,bergstråblom,rosa arendspir m.m.           prydgras,solbærsalvie,bergstråblom,arendspir,marikåpe m.m.

   IMG_3569.JPG          IMG_3578.JPG         IMG_3505.JPG                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                

                                                                                                                                                                                                                                                                                   

        Etasjeblom,søylenøkketunge,ridderspore m.m.                        kongslys,etasjeblom,anisisop,geitvikke,ryllik m.m.                       kalifornialevisia og hornfiol

       IMG_3506.JPG        IMG_3559.JPG

        kalifornialevisia og sitronkryptimian m.m.                                  mørkkongslys,kvit