Historikk

TILBAKEBLIKK OG HISTORIKK PÅ KORLEIS PLANTETUNET VART TIL 

VEGEN VERT TIL MEDAN ME GÅR - Universet viser veg gjennom teikn og synkronitetar.

BARNDOM OG OPPVEKST

Eg,- Kari Opedal kom til verda i oktober 1961, og vaks opp saman med 3 sysken på garden Tveit, ein brattlendt fruktgard midt mellom Kinsarvik og Lofthus i Ullensvang i Hardanger. Eg vart tidleg glad i alt som veks og gror, og me ungane tok naturleg del i arbeidet på garden frå me var små. Mor og far skulle brødfø familien med inntekta frå garden + at me hadde arbeidsfolk buande heime i innhaustinga. Me levde under enkle kår, og det er eg takksam for i dag.

På garden vaks både eple,pærer,plommer, moreller og der var fleire jordbæråkrar. Nokon år bugna det av frukt og bær, andre år var det mindre å hausta,- og me lærte å ikkje ta naturen for gitt. Det var spennande kvar vår når naturen vakna til liv, og det var like magisk kvar gong eg såg dei første spirane koma opp av jorda. Eg likte å gå åleine i naturen og sjå korleis den endra seg med årstidene.

Eg var ganske ung då eg laga meg til med ein liten åkerlapp i utkanten av garden med litt grønsaker, og der fann eg ein indre ro saman med planter og natur. Oppveksten min har nok vore ein viktig del av dei val eg gjorde seinare i livet, og eg visste at det var gartnaryrket eg skulle velja, sjølv om det var mange andre ting eg likte å gjera og.

GARTNARUTDANNING PÅ HJELTNES I ULVIK 1981-1982

Etter 10 mnd praksis på ein gard i Lier med produksjon av ulike grønsaker, så begynte eg på Statens gartnerskule på Hjeltnes i Ulvik. Der var fleire slags produksjonar, og me var innom mange ulike fag. Som på dei fleste andre gatnarskulane i landet, så var der dyrking på tradisjonelt vis med bruk av kunstgjødsel og kjemiske plantevernmiddel. Nokon av elevane var opptekne av dyrking på meir naturleg vis, og eg kjende at det samstemte med meg. Eg lånte ei bok som heitte ` Den Tause Våren` av den amerikanske forfattaren og biologen Rachel Carson, og den gjorde sterkt inntrykk på meg. Den handla om korleis kjemiske plantevernmiddel kan føra til alvorlege skader på det økologiske krinslaupet, som omfattar både planter, insekt, fuglar, dyr og oss menneske.

LEIGE AV SMÅBRUK, POLLENALLERGI OG SMÅBARNSFORELDRE 1982-1992

Eg budde på internatet på skulen medan eg tok gartnarutdanning. Kjærasten min Sverre budde i Odda og arbeidde rundskift på Norzink. Me visste ikkje kor me skulle busetja oss saman etterpå. Så såg eg ei lysing i Bergens Tidende at det var ein gard i Hardanger som var ledig til forpakting. Det stod ingenting om kor i Hardanger eller noko tlf.nr. , og eg tenkte at det skal godt gjerast at det skal klaffa. Hardanger er ganske vidt område. Men lysinga hadde festa seg hjå meg, og eg tenkte at eg sender i alle fall eit brev. Og vipps,- så hadde me fått tilbod om å verta forpaktarar av eit småbruk på Ytre Kvitno i Ullensvang, med 15 da med frukt- og bærdyrking berre eit kvarters køyring frå hans arbeidsstad! Me skreiv ein 5 årskontrakt på forpakting av jorda og leige av bustad, og eg synest me var utruleg heldige som fekk både ein bustad for oss og eg min eigen arbeidsstad i ein alder av 21 år. Eg såg verkeleg fram til å få prøva ut økologisk dyrking i praksis, og eg registrerte meg som sjølvstendig næringsdrivande innan frukt og bærdyrking. Me dyrka òg ulike grønsaker, og me var sjølvforsynt med mykje av det som jorda gav oss, og med fisk frå fjorden. Men eg fekk òg prøvt ut korleis der er å ha kraftig pollenallergi, og det skjedde alt første sommaren eg var der. Det var som om universet skulle fortelja meg noko, og i ettertid ser eg at det var med å visa meg vegen vidare. Eg kunne mest ikkje vera ute om dagen, og medisinen eg fekk av doktoren gjorde meg endå trøyttare. Eg kunne ikkje ha det slik. Og då eg fekk høyra om Holmedal Naturterapi av ein nabo, så starta eg på alternativ behandling hjå dei i Haugesund. Der fekk eg mitt første møte med urter til medisinsk bruk. Dei tok tak i årsaken til allergien og prøvde å retta opp att ubalansen i kroppen, slik at eg kunne verta fri allergien. Det var ikkje fokuset til doktorane. Hjå Holmedal fekk eg håp om at eg kunne fortsetja med det eg aller helst ville, -å vera gartnar. Eg lærte å verta meir bevisst på kva maten gjer med oss, og korleis den virkar på kroppen. Etter ein diett utan m.a. svinekjøtt, sitrus og skalldyr og med ekstra tillegg av vitamin og mineral + soneterapi m.m. , så var eg fri allergien!

Medan me budde på Ytre Kvitno vart me foreldre til Eivind, Anna og Kjetil, og eg synest det var fint å kunna ha arbeidsplassen min heime medan ungane var små. Eg reiste på ulike øko-samlingar for å læra og å møta folk med erfaring og interesse for eit naturleg jordbruk. Eg kjente at det samstemte med meg, og eg hadde ein draum om at me kunne få kjøpt vårt eige småbruk. 

KJØP AV SMÅBRUK PÅ INDRE INSTANES I ULLENSVANG 1992

Det var ei fin tid på Kvitno. Men me visste at eigaren ikkje ville selja ,og me kikka litt rundt for å finna oss noko eige. Og i 1991 var me så heldige at me fekk tilbod om å kjøpa eit lite småbruk på Instanes, ikkje langt frå min barndomsheim. Så i mars 1992 flytta me inn med Eivind på 6 1/2, Anna på 4 og Kjetil på 1 1/2 år. Der var eit stykke frå hovudvegen, og fint for ungane å veksa opp. Nabogarden som grensa til vårt bruk på Instanes skulle paktast vekk ei tid, og me fekk spørsmål om me var interesserte. Der var 12 da med moreller og plommer. Eg hadde ynskje om å skapa meg ein arbeidsplass på det vesle småbruket me hadde kjøpt, og eg tenkte på grønsaker, blomar og urter i tillegg til morelltrea som var der frå før. Men me vart einige om at eg skulle skriva ein 5 års pakteavtale på nabogarden i alle fall, og Sverre ville ta del i arbeidet i friperiodane sine. Han hadde no fått lenger køyring til arbeid. Det passa fint at eg framleis kunne ha arbeidsplassen min heime. 

KVINNENETTVERK OG SØKNAD OM ETABLERARSTIPEND 1993 - PLANTETUNET VERT TIL

I den tida hadde det vorte meir fokus på kvinnearbeidsplassar i distrikta. Eg var med i eit kvinnenettverk, og fekk oppmoding om å søkja om etablerarstipend. Eg hadde tenkt å starta heilt i det små sidan eg hadde nabogarden i tillegg for ein periode. Men det enda med at eg etter oppmoding sende inn ein søknad om 80.000 kr. til å etablera ` PLANTETUNET PRYD- OG NYTTESTAUDER ` med økologisk produksjon av pryd- og krydderstauder, heimesal av småplanter og sal av tørka produkt (krydder, te og blomar ). Eg laga ein arbeidsplan over dei ulike arbeidsoppgavene gjennom året og eit budsjett over kva det ville kosta med førebuing, opplæring, prøveproduksjon, spørjeundersøking om varene eg tenkte å selja m.m. Den største arbeidsmengda ville vera produksjonen av planter, men den ville verta mest konsentrert på våren og gjekk fint å kombinera med innhausting av moreller og plommer. 

ETABLERARSTIPEND TIL PRØVEPRODUKSJON, OPPLÆRING, STUDIETUR M.M.

I juni 1993 fekk eg melding frå fylket at dei gav meg 50.000 kr i etablerarstipend, - det var verkeleg ei oppmuntring! Eg hadde sådd ulike sortar krydder og stauder i mars, og i april hadde svigerfar min hjelpt med å gjera ferdig eit 40- kvadratmeter plastdrivhus på ein flate oppom huset. Eg var alt i gang med ein prøveproduksjon. Og i slutten av mars hadde eg vore på kurs og årsmøte i Norsk Økologisk Urtelag på Otta og fått mykje gode tips og inspirasjon. Der møtte eg Elisabeth Sparstad for første gong, og det møtet  ser eg på som ikkje tilfeldig. Ho skulle koma til å bety svært mykje for både Plantetunet og meg personleg framover. Ho heldt foredrag om urtene på ein svært levande måte og var verkeleg engasjert i det ho heldt på med. Ho hadde eit gartneri ved Vangsmjøsa i Valdres som heitte ` Fjellblom Stauder`. Der hadde ho i godt vaksen alder starta opp eit urte- og staudegartneri og fått god erfaring med kva planter som var sterke nok til å overleva i det tøffe klimaet. Utan gartnarutdanning, men med ein grøn lidenskap ( som og er tittelen på ei veldig fin urtebok ho skreiv ). Då ho høyrde at eg hadde starta med produksjon av urter og stauder, inviterte ho meg med til å selja planter saman med henne på økoveka i Hemsedal i juli. I juni fekk eg besøk av ein Debio- konsulent som skulle godkjenna produksjonen som økologisk, og seinare på sommaren var eg på kurs i økologisk urtedyrking på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Der fekk eg og gode tips og treffte mange med felles interesse. Studieturen som eg fekk pengar til i etablerarstipendet gjekk til Elisabeth i Valdres i slutten av august. Ho hadde eit spennande utval og sterke planter, og eg kjøpte med meg ein god del morplanter. Ho delte raust av sin av sin kunnskap og erfaring, og eg fekk svært nyttige praktiske tips av henne både på den turen og seinare. Ho har vore som ein mentor for meg og gjeve meg svært mykje støtte og gode råd, og eit livslangt venskap. Noko som eg har sett utruleg pris på. 

ERFARINGAR FØRSTE ÅRET

Eg hadde kjøpt ei ferdigblanda økojord til ein litt forsinka prøveproduksjon, men det viste seg at den ikkje fungerte så godt, då det vart for lite næring til plantene. Etter råd frå Elisabeth kjøpte eg ei brukt sementblandemaskin til å blanda naturtorv, sand, kalk og naturgjødsel til ei god plantejord. Eg potta om plantene i den nye jorda, og dei vart friske og fine att. 

Elisabeth brukte `plantekuvøser` til småplantene, og eg fekk hjelp tilå laga slike. Og til salsplassen min oppå ein mur v/ drivhuset kjøpte eg flyttbare skilthaldarar og laminerte eigne informasjonsskilt etter behov. Eg fekk nokon erfaringar første året med produksjon av planter, og gjorde endringar undervegs. Det var ikkje alt som spirte like godt, og eg oppdaga at dei ulike frøa har ulike behov v/ såing og spiring. Eg lærte at når plantene står i små potter, så treng dei supplering av nitrogen for at dei skal halda seg friske, og at ikkje alle ferdigkjøpte økojordblandingar fungerer like godt i eit kaldhus som i eit drivhus med javn varme heile året. Trass i forsinka produksjon fekk eg selt ein god del planter første sesongen. Det kom eindel folk og handla heime i tunet, noko vart selt på torg og markdagar i nærområdet og noko på økoveka i Hemsedal. Til kundane hadde eg skrive ei sortsliste for hand som var delt i 2 : prydplanter for seg, og krydderplanter/ nytteplanter for seg. Der var informasjon om høgd, farge, blømingstid, vekseplass og litt om eigenskapane til dei ulike plantene. På den første sortslista mi med ca 50 ulike slag var det mest prydplanter, og det var fordi mange ikkje var så kjent med urter enno. Dei vanlegaste krydderplantene eg hadde sådd, som oregano, timian, lavendel m.m.førte eg opp for seg, men med overskrifta: ` krydder-/ nytteplanter som er til pryd i tillegg `. Eg såg at informasjonsbehovet var stort når det gjaldt plantene, og eg lærte at svært mange av dei staudene som er omtala i staudebøkene, har fleire eigenskapar enn `berre` til pryd. Den kombinasjonen synest eg var veldig spennande. Eg fekk lyst til å formidla dette, og fekk ein tanke om å skriva eit eige hefte om desse plantene der eg kunne fokusera på både prydverdien og alle dei andre ulike bruksområda dei har òg. I tillegg til å selja planter i potter, så hadde eg og lyst til å dyrka urter på friland og tørka til krydder og te, og kanskje på sikt levera tørka urter til Norsk Økourt. Kanskje og ha tørka blomar for sal til dekorasjon.Det første året vart det ikkje tid til så mykje anna enn planteproduksjon i potter, men eg hadde planar om å få til eit felt med urter, og å få skaffa eit tørkeskåp til tørkinga. Eg skjøna og at eg måtte skaffa pluggbrett m.m.til såing og prikling, og kjøpa inn ferdige etikettar. Då eg var på besøk hjå Hauge Planteskule på Os, såg eg at dei hadde laga enkle bord i drivhusa av pallar på høgkant, og ein karm rundt oppå med varmekablar i, - eit godt tips å ta med seg. Hausten 1993 hadde eg fått tørka litt urter, og var med på nokon messer der eg selde tørka krydder og te og nokon dekorasjonar med tørka blomar. Eg hadde og teikna utkast til ein logo for Plantetunet. Prøveåret mitt var både spennande og lærerikt, og eg var svært takksam for etablerarstipendet som gjorde det mogeleg å få til eit lite overskot etter ein prøveproduksjon. Og i tillegg alle dei eg hadde møtt som gav meg gode råd og oppmuntring. Dette var noko eg hadde lyst til å gjera !

1994-1999 - HEIMESAL, TORGSAL OG POSTORDRESAL

Eg fekk ferdig logoen, og kjøpte klistremerke og fakturaark med logo. I 1994 hadde eg fleire krydder- og nyttestauder på sortslista og meir av dei 1- årige urtene. Eg hadde fått godkjent produksjonen som økologisk av Debio, og eg investerte i ein rimeleg varebil for å kunna reisa på torg med plantene. Eg fann fort ut at eg måtte reisa ein del for å nå ut til kundane. Gartneriet låg oppi bakkane, - og Statens Vegvesen ville ikkje at eg skulle ha skilt ved hovudvegen. Det enda med at eg festa eit skilt på ei gamal trillebåre av tre som eg planta urter og blomar i. Eg fekk nokon kundar på den måten, men mesteparten av plantene vart selt via torgsal. I 1995 hadde eg ca. 200 ulike sortar på lista, og mange av dei var slike som ikkje var så vanleg å finna i hagesentra. Og etter kvart vart det meir og meir sal på postordre. Eg sette lysing i Norsk Hagetidend, og bladet ` Hagen For Alle` med godt resultat. Eg fekk eit tilbod om å selja urtepakkar med 6 urter i gjennom `Hagen For Alle`, og fekk mykje bestillingar. Plantene vart pakka godt i avispapir og sendt måndag eller tysdag for å nå fram til mottakeren før helga. Torgdagane var mest i lokalområdet til å begynna med, og på Røldalsmarknaden var eg med i nokon år. 

Våren 1996 fekk eg hjelp av svigerfar og Sverre til å laga langbord av brukte pallar på begge sider i drivhuset etter modellen frå Hauge Planteskule. Det var eit enkelt opplegg med varmekablar som vart godkjent av elektrikar. Då kunne eg få kobla til ekstra ljos, og eg kjøpte 2 vekstlampar. Dette hjelpte meg mykje i produksjonen, både på stiklingsformeiringa og elles i planteoppalet. Det kosta litt, men eg måtte ta nokon investeringar i startfasen, sjølv om eg gjorde minst mogeleg av det. Eg var så heldig å få kjøpa same faktureringsprogrammet som Elisabeth hadde fått laga til ` Fjellblom Stauder`. Det var til stor hjelp, spesielt i postordresalet, men elles og.

ARBEIDSKRAFTSTØNAD OG PRAKTIKANTORDNING

Eg fekk eit brev frå landbruksavdelinga i Hordaland om at i samband med etablerarstipendet kunne eg og søkja om økonomisk stønad til eiga og leigd arbeidskraft over ein 3 årsperiode. Dette var svært kjærkome for meg, for det var arbeidskrevjande å både produsera og selja, og i periodar toppa arbeidsmengda seg. Organisasjonen APØG ( arbeid på økologiske gardar) formidla arbeid til folk som hadde lyst til å læra og ikkje krevde så mykje i løn utover kost og losji.Sommaren -95 fekk eg ein tlf frå Åshild i Bergen som var interessert i planter, og ho var her nokon veker. Seint på våren -96 kom Helle, ei ung dansk jente få København som ville vekk frå bylivet, og ho vart verande i nesten 2 mnd. Det gjorde at det var rom for litt lengre torgturar, og eg reiste første turen til Blomatorget i Bergen over 2 dagar. Der vart eg godt motteken, og det vart fleire turar dit.

URTEHAGEN PÅ INSTANES TEK FORM

Då det var ein pause i torgsalet i juli - 96, og før morellhaustinga, så fekk eg og Helle tid til å førebu urtehagen. Mellom 2 murar der det ikkje var så altfor bratt, hadde eg fått vekk mesteparten av teppet av skvallerkål året før ved hjelp av greip og open åker med poteter. Me hadde fått brukte takheller som me skulle leggja til gangvegar i feltet. Og ein gamal benk øverst inntil muren der ein kunne sitja og ta inn energien og lukten av alle dei ulike plantene som skulle veksa her. Me la ut hellene på bakken, og sette oss ned på benken for å ta ein pause. Då såg me at gangvegane var forma som ein sommarfugl eine vegen og eit åttetal den andre vegen,- uendelegheiten. Det var ikkje planlagt, men verkeleg ein fin symbolikk i, og me var takksame for kva universet hadde vist oss. Her ville verta ein fin stad å finna roen i samspel med plantene, og eg hadde eit ynskje om å inspirera andre til å verta kjent med desse spennande plantene og. Eg tenkte at her kunne eg ta imot grupper og fortelja om urtene og bruken av dei medan folk fekk sjå dei i sin naturlege form i ein hage, ikkje berre i potter. Og kanskje servera enkel mat og drikke m urter i.                                                                                               

Våren 1997 kom ei nederlandsk dame opp i gartneriet og spurte om ho kunne få arbeida hjå meg, så då var eg heldig å få ein praktikant det året og. Og det skulle visa seg at ho kom att fleire år i kortare periodar, noko eg var veldig takksam for.        Den sommaren fekk eg besøk av eit hagelag, og etter kvart hadde eg nokon grupper til omvisning og foredrag i urtehagen og litt servering i gamlehuset.

Eg valde å teikna om logoen min til bruk i marknadsføringa mi, og i 1998 sendte eg og ut eigne plantelister til anleggsgartnarar og noko landskapsarkitekter med tanke på engros-sal. Eg fekk ikkje så mykje respons på det, men interessa for nyttestaudene hadde auka elles. Det merka eg både på postordresalget og på torgsalet. Eg leverte eindel engros til fleire hagesenter som var interesserte i å ha meir nytteplanter i sortimentet sitt, og eg vart invitert til ulike hagelag til å selja planter. Elles fekk eg nokon spørsmål om planting og planleggjing i privathagar m.m. Pakteavtala gjekk ut i 1998, og då hadde eg litt meir tid til slike oppdrag etter torgsesongen var over i slutten av august.

1999- 2002

I november 1999 vart eg og Sverre skilt. Det var ikkje noko dramatikk i det, men ei skilsmisse er uansett ein tøff prosess for heile familien, og ikkje minst for borna. Me var einige om at me skulle gjera det beste ut av det, og prøva å skåna ungane så godt det let seg gjera i ein slik situasjon. Sverre fekk leiga eit hus i nærleiken saman med eldsteguten Eivind, og eg og dei to minste vart buande på Instanes dei 2 neste åra. Sverre og eg var samstemte om at han skulle overta småbruket etter 2 år. Me ynskte at borna skulle vera trygge på at dei kunne vera på begge stader, og at mammo og pappen var vener sjølv om dei ikkje budde saman. Men me visste og at uansett, så vil slike opplevingar i barndomen setja sine spor.

Det var usikkert kor vegen min skulle gå etter 2002. Eg hadde ynskje om å framleis ha gartneriet som min arbeideidsstad, men eg visste at eg måtte supplera med noko anna sidan gartnaryrket er så sesongbetont.

Dei 2 siste åra på Instanes reiste eg framleis på torg rundt omkring, og tok imot noko grupper innimellom til omvisning og litt servering. Utanom sesongen hadde eg innimellom foredrag i hagelag m.m. og fortalde om urtestaudene saman med ljosbilete av plantene.

DEI FØRSTE 50 URTEBØKENE VART LAGA HEIME I GAMLEHUSET VÅREN 2000

Eg brukte vinterkveldene over nokon år til å samla saman materiale for å skriva eit hefte om `urter og stauder til pryd og nytte`, og våren 2000 var alle sidene ferdigskrivne. Eg hadde spurt Marvel Opedal på Lofthus om ho kunne teikna dei ulike urtene, og urteterapeut Anna Lise Sortland sa seg villig til å gå gjennom det som stod om den medisinske bruken. Framsida teikna Mari Lid, som er lærar i kunst og handverk på Hardanger Folkehøgskule. I gamlehuset stod kopimaskina, og eg kopierte opp 50 eksemplar av kvar av dei vel 100 sidene. Eg fekk lånt ei kraftig holmaskin for å ringa saman alle arka til dei første prøve- eksemplara av boka mi. Boka var meint å vera ei bruksbok, med grunnleggjande tips til dei som hadde lyst til å starta med urter, men og som ei oppslagsbok der ein lett kunne finna informasjon om kvar enkelt plante,- f.eks vekseplassen, og i tillegg litt historikk og bruksområde. Eg hadde funne opplysningane frå andre urtebøker, og prøvt å samla det i denne boka saman med praktiske dyrkingsråd. Og teikningane av plantene skulle gjera det lett å kjenna att kvar enkelt av dei. 

PLANTETUNET PÅ RØTE 2002-2004

På 40-årsdagen min i oktober 2001 fekk eg ein telefon med spørsmål om eg hadde lyst å arbeida på Hardangertun Leirskule i Kinsarvik til våren som instruktør i ulike aktivitetar. Det takka eg ja til, og eg var så heldig å få leiga gamlehuset til dei som dreiv leirskulen. Huset låg på Røte, som er i gangavstand til Instanes, og i mars 2002 flytta eg dit. Eg fekk lov av eigaren å setja opp eit enkelt plastdrivhus i løeveggen der, og eldsteguten Eivind hjelpte meg med det. Det gjorde at eg kunne halda produksjonen såvidt i gang, og opningstida for plantesalet var etter arbeidstid på leirskulen.

2004-2015 : PLANTETUNET I GRYTINGSVEGEN PÅ HUSE I KINSARVIK

Eg måtte finna meg ein ny plass å bu, og i januar 2004 hadde eg kjøpt hus i byggefeltet i Kinsarvik med 1,5 mål tomt. Det var ikkje i mine tankar i det heile at eg skulle koma til å bu i eit byggjefelt, og der som eg eigentleg berre hadde tenkt å mellomlanda nokon år skulle visa seg å verta 11 år.

Eg fekk løyve av gode naboar og Ullensvang herad til å setja opp drivhuset på tomta mi, og Eivind hjelpte meg med å setja oppatt det same drivhuset som eg hadde på Instanes.

På plenen utanfor huset la eg mypex-duk, og der vart den nye salsplassen inntil vidare.

Eg arbeidde på leirskulen i Kinsarvik nokon sesongar til, men det vart for travelt å kombinera med produksjon og sal av planter. Men det var spennande og lærerikt, og eg er takksam for den erfaringa.

FLAT TOMT OG ENKLARE PLANTEOPPAL

Etter at eg flytta til Kinsarvik så merka eg stor skilnad i arbeidskvardagen. På Instanes måtte alt som skulle til i produksjonen flyttast oppoverbakke, medan no hadde eg eit flatt areal og lett tilkome til både hus og drivhus. Det var sjølvsagt enklare for kundane å koma til meg og.

Produksjonen starta i februar i eit lite kjellarrom ved sida av vaskerommet. Der var 2 vekstlampar på heile døgnet som gav nok ljos og varme. Mesteparten av sortane vart sådd tett i små jordbærkorger, og eg stod i kjellaren utover kveldane for å prikla dei over i pluggbrett før dei vart for lange. I slutten av mars var det overfylt i kjellaren, og dei skjøre småplantene måtte ned i drivhuset. Eg hadde elektrikarbøylar på borda, og trekte plast over dei, som eit mini- drivhus. Varmen i borda og ein liten vifteovn gjorde at plantene overlevde i ein overgangsfase utan eit altfor høgt straumforbruk.

Det vart snart fullt i drivhuset under planteoppalet om våren. Så eg laga meg til med henge- hyller oppunder taket for å nytta plassen, og så snart det var råd, flytta eg dei ferdigpotta plantene ut. Dei måtte skjermast med fleire lag agrylduk på om nettene i starten, og så etterkvart venja seg gradvis til sol og vind.

Dei plantene som ikkje vart selt eine sesongen stod ute om vinteren og var ferdig herda til torgsalet om våren. Men nokon gonger mista eg eindel planter p.g.a. kald vinter og vår, og det vart ekstra travelt dei åra eg måtte produsera sortar på nytt. 

NY URTE- OG STAUDEHAGE I 2005. TORGSAL OG HEIMESAL MED SJØLVBETJENING

Hausten 2005 tok eg vekk mypex-duken på salsplassen, og det som tidlegare var plen hadde no vorte til fin jord. Eg trong berre spa om og løysa jorda med greip, kalka og gjødsla, og feltet var klart til å planta i. Men hellegangen vart lagt først som på Instanes, og 8- talet og sommarfuglen var med denne gongen og. Tilsaman vart feltet ca 100 kvadratmeter, og det var fint å ha så god plass til alle dei spennande plantene.

Måndagar og tysdagar var eg heime og pakka planter til postordre- tingingane. Dei andre dagane hadde eg ikkje noko fast opningstid i gartneriet, for eg måtte ha mogelegheit til å reisa på torgsal. Det var der eg treffte mesteparten av kundane mine. Men eg laga til god info om plantene på den nye salsplassen, og plantene i demonstrasjonshagen fekk namnet sitt på små, runde steinar. Eg laga til eit sjølvbetjeningsopplegg slik at dei som ville handla i Kinsarvik hadde mogelegheit sjølv om dei ikkje fann meg heime.

Eg reiste ikkje til Bergen meir, for det var vanskelegare å få torgplass p.g.a. utbygging på blomatorget. Men etter at Folgefonntunnelen opna så var eg ein god del til Rosendal i tillegg til andre dagsturar i nærområdet. Og eg reiste på 2 dagarsturar,- m.a til Sogn, Hallingdal, Telemark og Valdres.

Eg fekk og invitasjonar diverse stader, og eit spørsmål om å selja planter på dei Heibergske samlingar i Kaupanger på Urte- og Staudedagen deira, førte til ein fin tradisjon kvart år i slutten av mai gjennom mange år.

AUKANDE INTERESSE FOR NYTTEPLANTER, NYE OPPLAG AV URTEBOKA

Eg merka at interessa for nytteplantene auka for kvart år. Urteboka vart snart utseld, og eg kopierte opp nye både i 2001, 2002 og 2004. Den vart og brukt i kurs- samanhengar m.m., og eg selde mange når eg var rundt på torgsal. Etterkvart var nesten alle bøkene selde, og eg vurderte å få den trykt i eit trykkeri. Det kosta mykje meir enn eg hadde mogelegheit til, så eg søkte om midlar til trykking hjå Ullensvang Mållag og hjå Halldor O.Opedal sitt fond til allmenn- nyttige føremål. Eg var så heldig å få stønad hjå dei begge til delar av kostnaden, og i 2006 tok eg sjansen på å trykkja opp 500 bøker denne gongen, med små endringar. Det skulle visa seg at dei og vart utselde etter nokon år, og i 2011 vart 300 nye trykt opp i trykkeri. Det var ein stor eingongskostnad, men desse bøkene vart og selt ut over nokon år.

2013: EIN SLITEN GARTNAR -TENKEPAUSE

Vinteren 2013 var hard for plantene som skulle overvintra ute i potter, og det viste seg at det var berre 20 prosent som overlevde. Det vart svært travelt med å produsera på nytt til torgsalet skulle starta, og i tillegg hadde eg kontakta eit firma hausten før og avtalt skifte av det gamle eternitt-taket på huset mitt til våren. Ungane var vaksne og etablerte kvar for seg, og eg hadde starta førebuinga til å kunna selja huset med nytt tak dersom eg fann eit nytt småbruk. Eg ynskte meg eit opnare landskap med sol om vinteren og. Eg fekk hjelp til å riva taket på dugnad, og gjera klart til snikkarane kom rett etter påske. Det vart litt ekstra arbeid for meg som huseigar i samband med dette, litt måling av mønebord m.m., og det kom på toppen av den ekstra arbeidsmengda med å laga nye planter.

Vintrane på Huse utan sol i fleire mnd., det merka eg på kroppen, i tillegg til 20 travle år med både produksjon og sal av planter. Eg kjende meg veldig heldig som fekk arbeida med noko som gav meg glede, og det var ekstra kjekt når eg såg at andre og kunne få glede og inspirasjon av plantene. Men det var utruleg travelt midt i sesongen, og eg fekk ikkje tid til anna enn alle arbeidsoppgavene som stod i kø. Så når eg hadde fått gjort ferdig utesesongen i oktober, måtte eg ta ein skikkeleg pause for å koma på rett spor med maten og få nok kvile. Vintrane brukte eg til papirarbeid og planleggjing til ein ny sesong. 

Eg kunne ikkje leva heile året av den inntekta eg fekk gjennom ein kort og hektisk salssesong frå mai- august, så eg måtte heile tida supplera med noko i vinterhalvåret. Og å ha noko fast jobb heile året rundt, gjekk veldig dårleg saman med å vera sjølvstendig næringsdrivande gartnar. Eg hadde ein fast stilling 3.kvar helg på kjøkenet på aldersheimen i Kinsarvik nokon år, og eg fekk spørsmål om ein fast 50 prosent stilling der. Prøvde på det, men det var umogeleg å kombinera med planteproduksjonen. Småplantene trong at eg var heime om våren og justera temperaturen i drivhuset m.a.,så eg kunne ikkje vera vekke i timevis midt på dagen. Heldigvis var eg nær nabo til Kinsarvik barnehage, så eg overlevde med å vera ringevikar der over mange år, og av og til vikar som heimehjelp, på skulen, blomebutikken m.m.

Men eg hadde verkeleg lyst til å verta endå meir kjent med urtene og alle dei gode eigenskapane som bur i kvar urt, ikkje berre produsera plantene. Eg hadde ikkje fått tid til å prøva ut så mykje i praksis anna enn å tørka litt av urtene i hagen og laga teblandingar, litt urteoljer til mat m.m. Om haustane laga eg litt ringblomsalve som eg selde på torget saman med plantene. Eg hadde fått oppskrift hjå ei eldre dame, og eg merka at salven var svært sårhelande og god for dei sprukne hendene mine etter arbeid ute i ver og vind. Den viste seg etterkvart å ha utruleg mange bruksområde slik som fleire urter har. Eg hadde lyst til å kunna få tid til å læra meir av kva helsebringande mogelegheiter naturen har for oss i dei ulike plantene.

2013 vart eit spesielt år for meg. Eg kunne ikkje reisa ut på noko torgsal før plantene var klar, og heldigvis så hadde eg nok planter til å reisa på den avtalte Urte- og staudedagen i Kaupanger heilt i slutten av mai. Det hadde vore gode torgdagar i Kaupanger tidlegare, og alltid positive folk å møta. Og Universet viste meg enno ein gong at eg er ivareteken. Eg selde meir planter enn eg nokonsinne har gjort på ein dag, og var utruleg takksam for at eg fekk att for alt ekstra arbeidet.

Eg hadde ein god sals- sesong, og det viste seg at det var etterspurnad etter urtene mine. Men spørsmålet som pressa meir og meir på hjå meg var kor lenge eg kunne halda på med slike travle sesongar som dette. Taket var ferdig skifta, og eg bestemte meg for å måla heile huset utvendig den sommaren. Eg hadde vore ein del på torg i Rosendal, og levert noko planter til urtehagen i Baroniet. Synest det var ope og fint landskap der, og eg hadde i fleire år sett meg om etter eit småbruk anten i Kvinnherad eller andre stader med litt opnare landskap. Eg bestemte meg for å ta ein tenkepause, og sendte inn ein søknad om sesongarbeid i Baroniet til sesongen 2014. 

SOMMARJOBB I BARONIHAGEN I ROSENDAL I 2014

Eg fekk 4 mnd. arbeid i Baroniet, og vart verande mest i Rosehagen, for gartnaren der hadde pensjonert seg. Eg leigde ei koseleg gamal tymrastove, og reiste tilbake til Kinsarvik kvar helg for å vaska klede og ta meg av hus og hagen der. Det var godt med ein pause frå planteoppalet, og då eg fekk spørsmål om vidare sesongarbeid i Baroniet i 2015, så takka eg ja til det. Eg var klar til eit skifte, sjølv om eg ikkje visste heilt kor vegen skulle gå. Plantene i staudehagen hadde vokse seg tette,og kunne godt delast. Hausten 2014 rydda eg opp i staudehagen, og planta det som var til overs ut på friland v/ drivhuset. Vinteren 2015 fekk eg spørsmål om eit 3 mnd.vikariat i Kinsarvik Barnehage, og det passa fint med avtalen om å begynna i Baroniet i april.

VIDARE SESONGARBEID I ROSEHAGEN. KJØP AV LEILIGHEIT I ROSENDAL OG SAL AV HUSET I KINSARVIK I 2015

Eg fekk leiga den gamle stova i Rosendal dette året og. Eg baud på eit småbruk i Kvinnherad året før, men der greip skjebnen inn, og eg måtte innsjå at eg hadde verken økonomi eller krefter til det åleine. Så då det kom eit hus i burettslaget i Neslia for sal, så kontakta eg seljaren for å reisa dit å sjå i alle fall. Eg hadde kontakta eigedomsmeklar og bestemt meg for at eg skulle leggja ut huset mitt i Kinsarvik for sal dette året. Ting skjedde fort, og i slutten av april hadde eg kjøpt leiligheiten i Neslia 74.

Det vart mykje køyring att og fram i samband med salet i Kinsarvik og for å ta vare på hagen. Men kvar søndagskveld haddde eg fylt varebilen med ting som skulle til Rosendal. Huset låg for sal nokon mnd, men på dagen eit halvt år etter at eg skreiv under kjøpekontrakten i Neslia, så skreiv eg under på at eg hadde selt Grytingsvegen 27 til ein ny eigar.

Etter at eg var ferdig med sesongjobben i Baroniet potta eg plantene som eg hadde sett i jorda i Kinsarvik, og køyrte dei til Rosendal til eit nedlagt gartneri. Eg hadde ein avtale om at plantene kunne få stå der for overvintring, og at eg skulle ta dei med vidare på torg for å selja dei.

NY OPPARBEIDING AV HAGE I 2016 I EI STEINRØYS. PLANTETUNET ER NOI NESLIA 74 I ROSENDAL

Det var litt jord nedanfor leiligheiten min, og litt oppanfor, men der var ganske overgrodd begge stader. Akkurat då eg køyrte siste flyttelasset om hausten, var eit maskinfirma klar med drenering i heile burettslaget. Eg hadde søkt styret i burettslaget om å få planta til ein urte- og staudehage på det arealet eg disponerte til min leiligheit, og eg fekk leigd same firmaet før dei fjerna maskina til å dra opp dei gamle buskane.

Så begynte arbeidet for min del. Maskinføraren hadde rydda fint både oppom og nedom huset, men eg visste at dersom eg skulle få planta til utan mykje ugras og røter i jorda, så måtte eg ta spaden og greipen fatt. Eg begynte å spa nederst i skråningen, og det skulle visa seg at det var ei steinrøys eg hadde starta på. Men eg visste og at om eg skulle få ta vare på urtene og staudene, så var det her dei måtte plantast. Eg vart ikkje ferdig med det første, og måtte ta mesteparten neste vår. Eg hadde takka ja til ein sesong til i rosehagen, og starta der i april i 100 prosent stilling. Etter arbeidstid spadde eg stein, og i staden for å leiga traktor til å køyra vekk all steinen, så murte eg opp ein mur nederst, laga ei slags trapp med noko av steinen, og resten fyllte eg i bak muren. Eg var opp i det nedlagde gartneriet og renska og gjødsla dei plantene som hadde overvintra, og i helgane reiste eg på torgsal. Siste rest leverte eg engros til Tørvikbygd og Voss. Og i juli hadde eg fått planta ut alt eg skulle ta vare på av planter, og oppom huset var det kome nokon poteter i jorda på vårparten.

Det var interessant og spennande å arbeida i Baroniet. Eg fekk spørsmål om å ta ansvaret for rosehagen, og eg synest eg var heldig som fekk mogelegheit til å arbeida mellom alle dei fine rosene. Men der var mange arbeidsoppgaver der og, og travelt heile tida, sjølv om der var mange sesongarbeidarar midt på sommaren. Eg hadde valt gartnaryrket, og visste at det er travelt i sesongane, men det var komen ein slags slitenheit over meg, og haustane dei neste åra måtte eg rett og slett ta det med ro. Eg kunne ikkje leva av dei få mnd med sesongarbeidet, så eg levde på noko av pengane frå hus-salet i Kinsarvik om vintrane for å koma til hektene att. Utanom sesongen,-på ettervinteren eit par år arbeidde eg på timebasis via firmaet mitt til å skjæra ut av frukttrea i Baroniet, og litt på haustane på timebasis.

TID FOR ETTERTANKE

Eg har alltid likt å få vera i kontakt med levande planter og natur, det har gjeve meg ein slags indre ro. Og eg har alltid likt å arbeida ute. Men eg har gjort meg nokon erfaringar rundt det å vera sjølvstendig næringsdrivande, og å skulla prøva å leva av det yrket eg valde. Det har ikkje vore den lettaste vegen økonomisk sett, men om det var økonomisk gevinst eg var ute etter, så hadde eg nok teke eit anna yrkesval.

Eg har og alltid vore ei søkjande sjel, som ikkje utan vidare har funne meg til rette i A4 modellen. Og eg har hatt mi tru på at det er noko meir i universet som er større enn oss, og at me er ein del av dette kosmiske samspelet. Eg har i praksis erfart at eg har vore ivareteken og fått hjelp i vanskelege tider og når eg har vore rådvill og ikkje visst kor vegen skulle gå.

No hadde eg kome til eit stadium der eg måtte innrøma at eg hadde gått meg heilt tom,- eg var rett og slett dønn sliten. Og eg kunne ikkje klandra andre enn meg sjølv. Livet handla om anna enn å arbeida for å overleva. Eg trong verkeleg å opna opp for meir av det åndelege i meg, som på ein måte hadde lege altfor lenge i dvale. Eg folda hendene og bad om hjelp til ei endring i livet som gav ein djupare meining, og til å koma ut av gamle spor. 

MØTE MED REIDAR I 2018,- SPESIELT, OG IKKJE TILFELDIG

Midt på sommaren 2018 fekk eg spørsmål frå ei barndomsvenninne om eg ville koma på kunstutstillingsopning på Ullensvang Hotel der måndagsmålarane skulle ha sin årlege utstilling. Eg tenkte at det kunne vera kjekt, og hadde lyst å få det til. Same dagen som utstillinga var køyrde eg frå Egersund om morgonen på veg heim frå ein 3 dagars tur til Sørlandet med ei anna venninne. Det vart forseinkingar med ferje m.m., og det såg ikkje ut til at eg skulle nå det. Men noko i meg visste at eg skulle dit, og då eg kom inn på hotellet ein del forsinka, skulle akkurat Reidar til å framføra musikken sin som dei hadde avtalt. Eg merka meg både musikken og tekstane, og tenkte at dette var veldig fint. Eg helste på Reidar etter tilstelninga var avslutta, og så skulle eg heim til familien min som bur i fjorden, for neste dag å køyra tilbake til Rosendal. Då fekk ein tlf. frå venninna mi om Reidar kunne sitja på med meg til Rosendal sidan han ikkje hadde bil. På vegen måtte me venta over ein time p.g.a.vegarbeid, og Reidar nådde ikkje hurtigbåten over til Bømlo, så han måtte overnatta.

Det som berre skulle vera ein biltur for oss, vart til 2 dagar. Eg gjekk litt på utsida av meg sjølv, og kjente veldig på at eg trong fred og ro rundt meg. Eg hadde arbeidd ekstra lange dagar i Baroniet for å kunna ta nokon feriedager, og eg hadde mest lyst til å vera åleine utan å forhalda meg til nokon i det heile. Men me fann tonen, og då eg høyrde at Reidar ikkje hadde nokon plass å bu heller, så sa eg at han kunne vera hjå meg inntil vidare. Men skjebnen hadde planlagt det litt annleis, og det skulle visa seg at Reidar kom inn i livet mitt som eit svar på bøna mi.

LIVET SETT FRÅ EIT HEILT ANNA PERSPEKTIV

Eit nytt og viktig kapittel hadde starta for meg, og eg skulle få mogelegheit til å sjå livet frå ei heilt anna side. Reidar hadde tidlegare levd eit liv som på ein måte hadde mykje til felles med mitt, men på ein heilt annan måte likevel. Eg skulle få sjansen til å sjå på gamle tankemønster og ting me har vorte prega av i vår kultur, og fekk verkeleg mine utfordringar og oppdagingar undervegs. Og eg fekk oppleva i praksis kor ivareteken eg er, og korleis synkronitetane tok meg med på ei spennande reise saman med han. Han hadde levd med å ha nesten ingen ting av materiell velstand, men på den måten kunne han reflektera samfunnet frå ei heilt anna side som dei fleste ikkje forstår. Han er ikkje prega av eit ego og vinningsmodellen som mange er i dag, men istaden er den grunnleggjande tanken i han å ta vare på både menneske, dyr og natur i eit inkluderande fellesskap. Eg har sett og opplevd korleis tekstar og musikk kjem gjennom han på eit øyeblikk når han stiller seg open utan å ha det kontrollerande filteret på som me er opplært til å ha.

Han har gjeve ut ei rekkje med musikk og skrive bøker, og han har fortsett å bruka talentet sitt trass i vanskelege økonomiske kår. Det er ikkje lett å kunna leva av musikken. Han har reist rundt som trubadur m.m. med gitaren sin og spelt både coverlåtar og eigne songar. Og han har drive eige handverksfirma m.m. for å få eit levebrød. I tillegg har han lært seg ein gamal massasjeteknikk som heiter tui na, noko som førte til at han treffte venninna mi i Kinsarvik, og som vidare førte til at eg møtte han på Lofthus.

Me har vore sjølvstendig næringsdrivande begge to, det er ein av fellesnevnarane våre. Og me har vore så heldig å få arbeida med noko me brenn for og er interessert i begge to. Men me har og begge opplevd at det har sine utfordringar, spesielt når ein går litt utanom allfarveg. Reidar hadde levd såpass lenge utanom systemet og utfordra frykten i seg så mykje at han klarte i praksis å leva i tillit. No fekk han ein ny oppgåve,- å få meg til å utfordra frykten min, m.a. den å ikkje innfri andre sine forventningar, - og ein heil del andre ting.

2020- FARVEL TIL ROSENDAL

Eg hadde no vore i Baroniet i 6 sesongar istaden for ein, som eg først tenkte. Det var ei spennande og lærerik tid. Men og ei travel tid midt i sesongen, og ifrå det øyeblikket eg bad om hjelp så hadde det starta ein viktig prosess i meg. Innerst inne var det noko som sa meg at det var noko anna eg skulle. Men eg klarte ikkje heilt å sjå korleis eg på mange måtar fornekta noko grunnleggjande i meg. Og kvar gong eg gjorde det, så datt eg tilbake i dei gamle spora som eg hadde bedt om å koma meg ut av. Reidar si oppgåve vart å utfordra meg gong på gong med alle dei førestillingane eg hadde lært meg, og til å møta frykten i meg og gjera dei endringar som skulle til. Og utfordringane stod i kø, både når det gjaldt familie, vener og andre. Det mangla ikkje på advarslar, og eg hadde mogelegheit til å falla tilbake i gamle mønster heile tida, noko som eg og gjorde. Innerst inne visste eg at eg måtte meistra desse utfordringane og læra meg å leva i tillit for å koma meg vidare. Og då Reidar i 2020 hadde fått nok av all fasaden som han gav uttrykk for, og ville flytta vidare, så valde eg å flytta med. I januar 2020 la eg ut leiligigheiten for sal. Eg skulle no prøva å arbeida som frilans- gartnar på timebasis, og eg og Reidar fekk nokon oppdrag saman. Me hadde fått leigd eit gamalt hus på Lofthus i 3 mnd., og flytta inn dit i mars, akkurat då koronaen kom. På Ystanes skule (min gamle barndoms skule) leigde me plass til alle tinga våre inntil me fann ein ny plass å bu. Me hadde eit ynskje om å finna oss ein stad mellom familiane våre på Bømlo og i Hardanger, og helst eit lite småbruk. Men det skulle visa seg å ikkje vera så lett å finna eit hus ein gong. Det var høge prisar rundt om. 

EIN NY SYNKRONITET FØRTE OSS TIL TELEMARK HAUSTEN 2020

Me landa i ein moderne møblert leiligheit i Kinsarvik, og betalte leige for ein mnd. Same helga skulle Reidar til Telemark for å spela saman med ein kamerat. Eg var letta over å ha funne ein midlertidig stad å bu, og var innstilt på å vera i Kinsarvik den helga. Men då eg opna IPaden og kikkka innom på finn.no eigedom, så fall auga mitt på det huset som låg øverst på sida, nemleg eit 60-talshus i Kviteseid til under ein million. Eg hadde akkurat fått selt leiligheiten i Rosendal, og når meklaren hadde teke salsoppgjeret og fjerna lånet mitt, så sat eg att med rundt ein million. Då vart eg med Reidar til Telemark likevel, og me var innom og såg på huset. Me trong ein stad å bu til vinteren, og var klar for å starta på eit nytt kapittel i lag. Me la inn eit bod, og 19. september overtok me huset i Gotuholtvegen 22. Det vart ikkje noko småbruk denne gongen heller, men me fekk med uthus og stabbur og 1,7 mål tomt. Neste steg var å koma seg over fjellet med flyttelasset før vinteren sette inn, og det dukka opp ein rimeleg varebil i Alverstraumen, som me kunne sjå oss råd til. Den hadde til og med skilt frå Telemark.

Det kom vel med at Reidar har arbeidd som gravemaskinkøyrar i mange år tidlegare. Me leigde ei gravemaskin same hausten, og han ordna vegen og fekk laga snuplass. I tillegg murte han opp ein mur av steinen han fann, og bygde eit nytt bed til oss. Eg måtte gje slepp på mesteparten av plantene i Rosendal, men hadde fått nokon med meg til fjorden som stod og venta på ein ny heim i eit nytt Plantetun. Etter kvart har me saman bygt opp det nye Plantetunet i Gotuholtvegen, og Reidar har gjort ein heil del betringar rundt huset med drenering m.m.

Me hadde noko frilansoppdrag saman i 2020 medan me budde i Ullensvang. Og våren 2021 vart me kontakta av nokon av dei igjen. Eigarane av Ullensvang Gjesteheim Am og Erlend hadde bruk for at nokon fekk orden på hagen, dei hadde ikkje hatt kapasitet til det. Sjølv om me no budde i Telemark, så vart det nokon turar over fjellet på ulike oppdrag, både innan gartnarfaget og innan musikken til Reidar. På Ullensvang Gjesteheim såg Reidar fleire mogelegheiter med å gjera uteområdet koseleg og praktisk. Han murte opp nye permanente bed av stein som han fann rundtomkring, og laga ei fin sitjegruppe og bord av stein m.a. Så kunne eg setja i gang med spaing og planting, og eit spennande samarbeid om pryd- og nyttehage var i gang. Gjesteheimen har verkeleg satsa på å bruka pengar på uteområdet og halda det ved like etterpå og, noko eg er svært takksam for. Og ekstra kjekt er det at Am frå Thailand er så god til å laga mat med urter, og ynskjer å ha det lett tilgjengeleg frå kjøkenet. Det er heilt naturleg for henne der ho har vakse opp, og me har mykje å læra her i Noreg av det.

Det har vorte ulike oppdrag på oss begge to både i Telemark og på Vestlandet, og me kombinerar Vestlandsturane med å besøkja familiane våre. I Gotuholtvegen har me grønsak- og urtehage, og me har fått mykje gode grønsaker på bordet vårt. Me har hausta urter rundt huset til eige bruk og for sal, og her har vore nok ringblom til å laga den gode ringblomsalven av. I tillegg har me prøvt ut salve av ryllik m.m etter at me flytta hit. Her er eit rikt dyreliv, og det set me pris på. Rådyra er trygge på oss, og dei kan gå rundt huset midt på dagen. Når me er vekke forsyner dei seg litt av overskotet i hagen om hausten, men dei er ikkje grådige. Eit fint samspel.