Boka ` Urtestauder til både pryd og nytte `

Denne boka er utseld, men etterkvart er det meininga at den skal leggjast inn på nettsida mi. Eg har og planar om å få trykt opp nye eksemplar sidan det er fleire som har etterspurt boka. 

BAKGRUNNEN FOR DENNE BOKA:

Oppdagingar undervegs : Plantene er ikkje anten til pryd eller nytte, men til både pryd og nytte

Då eg sette navnet på bedrifta mi  til `Plantetunet Pryd- og Nyttestauder `, så hadde eg på ein måte tenkt prydstauder for seg og urtestauder for seg. Men eg oppdaga etterkvart at pryd- og nytteverdien gjekk hand i hand. Både at mange av urtene har svært allsidige bruksområde og dei fleste fine blomar i tillegg. Og mange av dei som i staudebøkene var til pryd, viste seg å ha mange ulike bruksområde til både mat, medisin m.m. Eg synest det var veldig spennande og interessant at det kunne vera så mange ulike bruksområde i ei og same plante. Eg såg det var eit stort informasjonsbehov, og eg brukte mykje tid på å forklara kundane kva ein kunne bruka dei ulike plantene til. Eg hadde lyst til å verta endå meir kjent med plantene sjølv, sidan svært mykje var nytt for meg då eg starta opp, og eg hadde lyst til å formidla dette med både pryd- og nytteverdien til kundane mine og. Difor begynte eg å skriva på boka `URTER OG STAUDER TIL PRYD OG NYTTE` som ein sjølvstudie og ei handbok og oppslagsverk til både meg og kundane. Eg samla informasjon om dei ulike urtene og skreiv det til ei bok saman med praktiske dyrkingstips. Den kopierte eg opp sjølv første gong i 50 eksemplar i 2000. I 2001 og 2004 kopierte eg opp fleire. I 2006 søkte eg om stønad til å få gje ut 500 stk gjennom eit trykkeri, og eg fekk stønad til delar av kostnaden. Det viste seg at boka vart populær, og den vart brukt i kurs- samanheng og av mange urteinteresserte. Då dei vart selde ut, så tok eg sjansen på å få trykt opp 300 nye for eigen kostnad. Den har vore utseld ei stund, og eg har ikkje hatt kapasitet til å få gje ut nye bøker. Men no når eg har fått nettsida mi opp å gå igjen etter nokon års pause, så tenkte eg at eg ville få lagt den ut her etter kvart.