VEGEN VART TIL MEDAN EG GJEKK

-ei spennande reise med mange synkronitetar

    

 PLANTETUNET og eg,- Kari har helde til i fleire ulike tun sidan oppstarten av det vesle urte- og staudegartneriet mitt på Instanes i Ullensvang i 1993. Etter det har både Plantetunet som bedrift og eg som privatperson vore gjennom mange ulike fasar.

I 2013,- etter 20 travle år med produksjon og sal av urter og stauder, så trong eg ein tenkepause. Eg fann ut at ein sommarjobb i Baronihagen i 2014 utan produksjon hadde vore eit fint avbrekk, og eg søkte på det. Eg fekk sesongjobb i 4 mnd, og etter at den var over, vart eg spurt om vidare sesongarbeid i Rosehagen, fordi rosegartnaren hadde pensjonert seg. Det enda med at eg selde huset i Kinsarvik i 2015, og i staden for å finna eit småbruk att, så havna eg og Plantetunet i ein leiligheit i eit burettslag i Neslia. Der bygde eg opp ein ny hage av ei steinrøys for å få plass til planter frå hagen i Kinsarvik. Eg selde ut resten av plantene på torg og engros, og vart verande i Rosehagen i Baroniet i tilsaman 6 sesongar. 

I 2018 møtte eg Reidar, og det skulle verta starten på ein spennande veg på mange måtar. Det har vore ei bevisstheitsreise både på eit personleg og åndeleg plan for meg.



PLANTETUNET i 2023: 

Kviteseid i Telemark

Våren 2020 flytta Reidar og eg frå Rosendal til heimkommunen min Ullensvang og budde der nokon mnd. Me ynskte i utgangspunktet å finna hus ein stad mellom familiane våre på Bømlo og i Hardanger, men det var ikkje mogeleg. I september same året kjøpte me huset her frå 60-talet med 1,7 da tomt til ein overkomeleg pris, og i oktober 2020 starta me på eit heilt nytt kapittel i Gotuholtvegen 22!

Me har saman fått bygd opp eit nytt plantetun. Reidar har leigd gravemaskin og utvida vegen og uteplassen, og han har bygd naturmurar og laga fine bed med stein frå eiga tomt. Og me har fått planta til ein hage med det av planter som var med på flyttelasset.

TILBAKE TIL VESTLANDET

april -mai 2024: 

PLANTETUNET i  SKÅNEVIK.

Me har hatt gode år i Kviteseid, men me har vore langt vekke frå familiane våre. Difor tok me valet ifjor om at me skulle leggja huset ut for sal. Det har vore ein lang prosess, - og spennande å sjå kor me havna denne gongen? Det skulle visa seg at me klarte å finna eit hus i Skånevik, som er ganske nøyaktig midt imellom familiane våre på Bømlo og Hardanger. Me kjenner at  me er ivaretekne!



Plantetunet i Kinsarvik 2004-2015
Plantetunet i Kinsarvik 2004-2015
I rosehagen i Baroniet sommarane 2014-2019
I rosehagen i Baroniet sommarane 2014-2019