SAL OG TENESTER
Utleige av eiga arbeidskraft på timebasis
Etter å ha produsert og selt urter og stauder i 20 år, og 6 sesongar i Rosehagen i Baroniet, så har eg sidan 2020 valt å leiga meg ut som gartnar på timebasis. Eg tek oppdrag i hagar ulike stader, både i privathagar og elles. Eg har ikkje hatt produksjon av planter i potter dei siste 10 åra, men våren 2024 har eg nokon sortar av pryd- og nyttestauder for sal i potter, og noko frø av eigenhausta urter og stauder.
Eg og kjærasten min Reidar budde nokon mnd.på Lofthus i Hardanger i 2020, og har det vorte fleire oppdrag der og sjølv om me har budd i Kviteseid. Hovudoppdragsgjevaren har vore Ullensvang Gjesteheim på Lofthus, og eg har reist mykje fram og tilbake over fjellet og kombinert arbeid og besøk hjå familie.
Me har budd i Kviteseid i 3,5 år og hatt det godt her. Men me ynskjer å koma nærare familiane våre. Difor har me selt huset vårt i Gotuholtvegen 22, og i april- mai 2024 flyttar me over fjellet og vestover att. Denne gongen til Skånevik, som er midt imellom Reidar sin og min familie.
Ta kontakt på telefon 930 69 803 eller epost : kari@plantetunet.no eller karioope@gmail.com
Timepris på gartnararbeid 2024: kr.450,- + mva.