Frilans-oppdrag


 

HAGEOPPDRAG ULIKE STADER

Sidan 2020 har eg teke gartnaroppdrag på timebasis ulike stader, og har hatt det som hovudinntekt. Både eg og Reidar har vore sjølvstendig næringsdrivande i 40 år, og me har reist mykje kvar for oss gjennom arbeidet vårt. Eg har køyrt rundt med varebilen min i 20 år på ulike torg med eigenproduserte urter og stauder frå gartneriet mitt. Reidar har m.a.hatt eige handverksfirma i mange år, og i tillegg reist rundt som trubadur med gitaren med artistnamn Rey Larsen. Han har spelt både covermusikk og eigenkomponert musikk gjennom 20 år. Etter at me møttest i 2018 har me teke hageoppdrag både saman og kvar for oss. I 2025 har eg måtta trappa ned på frilans- oppdrag fordi det har vorte for travelt.

Plantetunet sin pris pr.arbeidstime 2025 : kr. 450,- + mva.