VEGEN VART TIL MEDAN EG GJEKK
-ei spennande reise med mange synkronitetar
PLANTETUNET og eg,- Kari har helde til i fleire ulike tun sidan oppstarten av det vesle urte- og staudegartneriet mitt på Instanes i Ullensvang i 1993. Etter det har både Plantetunet som bedrift og eg som privatperson vore gjennom mange ulike fasar.
I 2013,- etter 20 travle år med produksjon og sal av urter og stauder, så trong eg ein tenkepause. Eg fann ut at ein sommarjobb i Baronihagen i 2014 utan produksjon hadde vore eit fint avbrekk, og eg søkte på det. Eg fekk sesongjobb i 4 mnd, og etter at den var over, vart eg spurt om vidare sesongarbeid i Rosehagen, fordi rosegartnaren hadde pensjonert seg. Det enda med at eg selde huset i Kinsarvik i 2015, og i staden for å finna eit småbruk att, så havna eg og Plantetunet i ein leiligheit i eit burettslag i Neslia. Der bygde eg opp ein ny hage av ei steinrøys for å få plass til planter frå hagen i Kinsarvik. Eg selde ut resten av plantene på torg og engros, og vart verande i Rosehagen i Baroniet i tilsaman 6 sesongar.
I 2018 møtte eg Reidar, og det skulle verta starten på ein spennande veg på mange måtar. Det har vore ei bevisstheitsreise både på eit personleg og åndeleg plan for meg.
PLANTETUNET 2020 - 2023 :
Kviteseid i Telemark
Våren 2020 flytta Reidar og eg frå Rosendal til heimkommunen min Ullensvang og budde der nokon mnd. Me ynskte i utgangspunktet å finna hus ein stad mellom familiane våre på Bømlo og i Hardanger, men det var ikkje mogeleg. I september same året kjøpte me hus i Kviteseid frå 60-talet med 1,7 da tomt til ein overkomeleg pris, og i oktober 2020 starta me på eit heilt nytt kapittel i Gotuholtvegen 22!
Saman bygde me opp eit nytt plantetun. Reidar leigde gravemaskin og utvida vegen og uteplassen, og han laga naturmurar og fine bed med stein frå eiga tomt. Og me fekk planta til ein hage med det av planter som var med på flyttelasset.
TILBAKE TIL VESTLANDET
april 2024:
PLANTETUNET I SKÅNEVIK.
Me hadde gode år i Kviteseid, men var altfor langt vekke frå familiane våre. Difor valte me å leggja huset ut for sal. Det vart ein lang prosess, - og spennande å sjå kor me havna denne gongen? Det skulle visa seg at me klarte å finna eit hus i Prestavegen 33 i Skånevik, som er ganske nøyaktig midt imellom familiane våre på Bømlo og Hardanger. Me kjenner at me er ivaretekne!
21. april 2024 overtok me den nye heimen vår,- og starta på eit heilt nytt kapittel i Skånevik.










Gotuholtvegen 22 i Kviteseid

Prestavegen 33 i Skånevik



