Ryllik, tørka ( 20 g )

RYLLIK (achillea millefolium)

Inneheld bitterstoffer,eteriske oljer og garvestoff, noko som gjer at den har mange ulike bruksområde.

Ryllik sine mange eigenskapar: krampeløysande, muskelavslappande, samantrekkjande, antibakteriell, sårhelande, blodrensande, slimløysande, sveittedrivande, febersenkande, opnar dei perifere blodårane, blodtrykksenkande, blodproppførebyggjande, mildt urindrivande, antiseptisk på urinvegane, menstruasjonsregulerande, betennnelseshemmande, antihistamin, fordøyingsfremjande m.a. ved å fremja lever- og gallefunksjonen.

Til mat : Ryllik har vore brukt som krydder i pølser og anna kjøtmat. Blada eignar seg som krydder i grønsaksup og tomatsup, og til feit mat som fårekjøtt, sild og makrell. Dei første blada om våren kan brukast som eit dryss på poteter, grønsaker eller i salat i små mengder.

Den har og vore brukt i ølbrygging p.g.a. bitterstoffa.

Den krampeløysande og muskelavslappande eigenskapen gjer at den har vore brukt

mot hovudverk, gikt, krampar, tannverk m.m.

Stimulerar fordøyinga, og den er god som te ved mage- og fordøyingsproblem

-Den samantrekkjande eigenskapen gjer at den kan vera med å stoppa diaré og dysenteri og stansa blødninger frå veggane i fordøyingskanalen

-Den antiseptiske og betennelseshemmande eigenskapen betrar infeksjonar og irritasjonar som magekatar og tarmkatar.

-Bitterstoffa stimulerar lever- og gallefunksjonen, og den krampeløysande verknaden lindrar luftplager, krampar og kolikk.

Kvinneplager og plager i overgangsalder

Ryllik regulerar menstruasjonssyklusen og reduserar Kraftige menstruasjonssmerter ( ryllik kan både stansa blødningar og løysa opp stagnert blod). Den kan og brukast v/ klimakterieplager.

Sveittedrivande effekt. Ein av dei mest kjente urtebaserte midla for å dempa feber, ein får ut giftstoff frå kroppen og den kan vera til hjelp ved forkjøling, influensa, hoste og sår hals.

Stimulerar blodomløpet ved at den styrkjer blodårane.

-Kan lindra åreknutar, hemorroidar, årebetennelse og trombose samtidig som blodtrykket går ned.

Urindrivande effekt. Styrkjer utskillinga av væske og giftstoff via urinen.

Betennelseshemmande. Kan bidra til å lindra reumatiske lidingar som verkande ledd( artritt) og til å rensa huda

P.g.a. antihistamineffekten har den vorte brukt v/ pollenallergiar

Antiseptisk middel ved urinveisinfeksjonar som blærekatar og irritert blære og som munnvatn ved betennelse i tannkjøtet.

URTETE :

Ca. 1 toppa ts til 1 krus kokande vatn. Trekkjast i 10 min. før den silast av.

Om ein er allergisk mot planter i korgplantefamilien skal ein vera forsiktig m ryllik, sidan den kan gje ein allergisk reaksjon.


kr 65,00
uten fraktkostnad