Rylliksalve, stor krukke ( 55 ml )

Inneheld: ryllik ( achillea millefolium) , olivenolje og bivoks

Ryllik har svært mange brukseigenskapar, og har vore brukt i fleire hundre år, m.a. som eit universalmiddel og til sårheling.

Den er samantrekkjande, sårhelande, blodstillande, antiseptisk, betennelseshemmande, krampeløysande m.m.

Blad av ryllik vart lagt rett på opne sår, -den samantrekkjande og blodstillande eigenskapen gjorde at såra lukka seg, og den betennelseshemmande og antiseptiske verknaden gjorde at såra heldt seg reine i tillegg.

Rylliksalven virkar helande på mange typar kutt og sår, - og på brannsår, liggesår, hudbetennelsar, kviser, eksem m.m.

Den har vist seg å kunna hjelpa på atopisk eksem der kortisonsalve og anna salve ikkje virkar.

Den samantrekkjande verknaden gjer og at den kan ha god verknad på åreknutar, hemorroider, og på rynker m.m. Ryllik vert brukt i mange hudpleiepreparat.

Salven kan og lindra ved muskel- og leddverk, reumatiske plager, på kløande insektstikk, solbrent hud m.m.

NB: Dersom ein er allergisk mot planter i korgplantefamilien bør ein vera forsiktig med ryllik.

kr 225,00
uten fraktkostnad