Solhattsalve, lita krukke (30 ml)

Inneheld: purpursolhatt ( echinacea purpurea ), olivenolje og bivoks.

Purpursolhatt er ei kjent medisinplante som har vore mykje brukt både innvortes og utvortes. Indianarane i Nord-Amerika og Canada brukte den som universalmiddel, og i dag er purpursolhatt ei av dei mest brukte urtene i både USA og Europa.

Planta har svært mange ulike eigenskapar, og kan f.eks. brukast i form av salve. Den er m.a. bakteriehemmande, betennelseshemmande, sopphemmande og sårhelande.

Salve av purpursolhatt kan brukast ved ulike hudplager som kronisk eksem, psoriasis, kviser, herpes simplex ( forkjølingssår ), fotsopp, insekts-stikk, verkesår, byllar, brannsår, liggesår og andre sår som gror seint.

NB : Dersom ein er allergisk mot planter i korgplantefamilien bør ein vera forsiktig med purpursolhatt.

kr 140,00
uten fraktkostnad