2025 : SAL AV PRODUKT FRÅ EIGEN HAGE OG ENG
VÅR OG SOMMAR 2025: SAL AV ULIKE URTER OG STAUDER I POTTER
Noko av det me haustar brukar me til å laga ulike urtesalvar for sal, og me tørkar urter frå hagen og sel posar med div.urter,- både til krydder, te og medisin.
Eg har dei siste 10 åra ikkje hatt produksjon av planter i potter slik eg hadde før, men våren og sommaren 2025 har eg eit utval av planter til pryd og nytte for sal i potter. Garasjetaket her i Prestavegen passar fint til salsplass, og det går an å handla på sjølvbetjening om eg ikkje er heime.
Det som er for sal av ulike produkt i Plantetunet kan variera litt frå år til år. Det er eit ynskje om å ha eit breiare utval av sesongprodukt, men haustesesongen er ofte samtidig med ein travel periode for ein frilans-gartnar,- så me får ta det etter kvart.